Registrer  |  Hjelp  |  Søk  |  Medlemsliste  |  Grupper  |  Logg inn 



Svar på tråden
  
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
Buster`en min har blitt brukt mykje no i det siste.
All veden er køyrd heim frå skogen og singel og sand er køyrd i garasjetomta.


Eit skogsbilde må vere med. Busteren tok seg virkeleg godt fram med kjettingar i skogen. Om ein planlegg køyreruta, brukar sidebrems og sperre grev den seg fram på dei mest utrulege plassar.

Under køyring av sand heime kom eg i skade for å bryte av eine løftearmen.
Slitasje rundt festebolten og full skuffe med våt sand førte til at det sa KNEKK.
Her er nokre bilder fra reparasjonen.


Her er bilde av bruddet. Måtte bruke litt makt og slipe fuge for å få armen tilbake til rett tilstand, men så var det
berre å sveise i vei.


Bilde frå operasjonssalen.


Her er armen tilbake på plass med ekstra forsterkning på oversida. Den er no testa med full belastning og virka som berre det.
Spørsmålet no er kortid neste arm ryk Cool

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
 Vår på Longva 
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
I vår vart Busteren flittig brukt. Har desverre ikkje dokumentert alt med bilder,
men her er no nokre blinkskudd.


Etter at busteren hadde fått køyrt seg med å køyre vekk massa i frå tomta som vi grov ut ved huset
vart skålhorva henta. Hadde vore kjekt med ein balastningsramme framme når redskapen blir så tung.


Når vi var ferdige å horve vart trommelen henta.
Veldig moro å gjere jordarbeid med denne doningen.


Her har skoffa kome på at. Klar for køyring av støypesand.

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
 Ny vannpumpe på gang. 
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
No var det virkelig på tide å få tatt vannpumpa.
Det siste halvåret har den vore lekk, men pga opptatt garasje og tid som har gått med til
andre gjeremål, har det ikkje blitt noko bytte av pumpe.

Det å få ut vannpumpa er ikkje noko problem.
Demonterte radiatormaskeringa og panseret så fekk eg orkesterplass.

Økonomideler gav meg eit tips om at reimskiva sat godt og at det ikkje var nok å berre terse.
Fekk hjelp av grillmester Øystein som var med og stilte med gassbrenner.

Etter fleire omgangar med varming fekk vi endeleg godlyd når vi teita tersen.

Denne formiddagen i garasjen førte til at vi fekk pratisert det meste vi har lert av bilblad og tv-program.
For å få dei nye delene saman igjen la eg den nye pumpa i frysen, så varma vi reimskiva.
Den metoden funka heilt topp.

Viktig viktig : Sett på plass skruane før du set på reimskiva. Eller må ein fram med tersen igjen.

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
Du kan starte nye tråder
Du kan svare på tråder
Du kan ikke endre dine egne innlegg
Du kan ikke slette dine egne innlegg
Du kan ikke stemme ved avstemninger
Alle tidspunkter gjelder for tidssonen GMT + 1 time (norsk tid)  
Side 2 av 2  

  
  
 Svar på tråden  

Søk blant norske bedrifter på io.no