Registrer  |  Hjelp  |  Søk  |  Medlemsliste  |  Grupper  |  Logg inn 



Svar på tråden
 Gode gamle traktorar som er i bruk. 
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
Traktorar har vore spennande sidan eg låg i sandkassa og leika med "ståltraktorar" då eg var liten.
Derfor meinar eg det er på sin plass med ein tråd der dei som har eller likar traktor kan frotse i bilder av
gode gamle slitarar.
Eg legg ut eit par bilder til å begynne med av min Volvo BM320 Buster frå 1961.
Den får køyrt seg disse dagane. Held på og grave tomt til garasje.







Her har eg fått lånde Ford 550`en til Harald. Det er en 79 modell. Buster har dekke om natta slik at det ikkje skal
vere så vått å sette seg om morgonen.



Buster på Øyatreffet 2008 saman med Algeir Porschen som Oddmund Longva eig.

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
 Ein annan gamal slitar. 
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
Tok eit par bilder av Malvin sin gamle Bensin/parafin Gråtass
Dette er ein 1952modell.
Då Malvin fekk den var frostpluggen bak på mototen sprengt og traktoren kokte for eit godt ord.
Det vart laga ein ny frostplugg og kokinga vart fiksa då han fann ein mutter i ein av kjølekanalane
då han skulle byte toppakning.
Sidan det har Gråtassen gått som ei klokke.









Hengaren er faktisk eit lokalt produkt.
Den vart laga i verktstedet til Kåre Rogne. Det er verkstedet som ligg nedanfor vegen før ein kjem til gamleskulen.
Han laga fleire slike hengarar, hjula tok han frå gamle bilar som var ferdige med tjenesta si.
På denne hengaren er det Chevrolet hjul.

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
 Ny gamal traktor. 
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
For nokre dagar sidan henta eg meg ny traktor.



Doningen er ein Ford 3000 frå ca.1970. Har oljefilteret plassert på den gamle plassen på motoren.
Frontlessaren har sylinderar på både opp/ned og tipp på skuffa. Og det er ein ekstra ventil ledig
som eg kan bruke på hydralisk toppstag om eg vil det.
Det skal bli kjekt å få ta denne i bruk.

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
  
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
No for tida er det arbeid i gardsplassen som står på menyen for gamletraktorane.

Her køyrer eg på fyllmasse med med Buster.


Etter å ha prøvd å gjevne til og rette av for hand, overtalte Hege meg til å ha på skjeret. Det fungerte heilt utmerket.


Det var sjølvsagt enklast å dra med seg fin masse, men skjeret grov og opp og løyste litt større stein.

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
 Overhaling av styresnekke til Buster. 
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
For ei stund tilbake tok ein eigar av ein gammal BM kontakt og lurte på om
eg kunne hjelpe han å reparere styresnekka til traktoren hans.
Sidan eg har gjort det før på min eigen traktor, tenkte eg at eg kunne ta på meg den jobben.
Her er nokre bilder frå demonteringa.


Her er snekka demontert. Rattstamme med gjengeskrue, stikkaksel med tenner
for inngrep i gjengeskrue, nedre lager og deksel.



Stikkaksel. Denne har to tenner som skal gli i sporet til gjengeskruen. Disse to tennene er skikkeleg slitt og deformert.
Det er nok dette som har gjort at det har vore dårleg med styring. Planen er å sveise på meir gods for så å slipe til nye tenner.



Gjengeskruen hadde også nokre hakk. Disse har sikkert kome som følge av skada tenner.
Tar bort gradene her så er den nok god som gull igjen.



Lagera som står i snekka, et oppe og et nede, såg veldig bra ut på denne snekka. Så det var ikkje det som var problemet.

Vert spennande å sjå om den vert fastare i fisken når vi har ordna tennene.

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
   
Annonsør


  
Fenrik
Fenrik

Registrert: 29.11.2008
Innlegg: 84
Bosted: Stavanger
Svar med sitat
Hei Frode

Spennande å lese om traktorane, bruken av dei samt reperasjon av styresnekke. Godt jobba. Har sjølv ein draum om ein gammal traktor ein dag, men har jo så altfor liten plass.........

Har fri i dag sidan eg skal jobbe til helga. Gledar meg til det (dårleg ironi). No skal eg ut å kjøpe nye glødepluggar til Mercedesen. Dvs eg må bytte inn nokre som eg allereie har kjøpt sidan dei ikkje passa.........men i butikken var dei sjølvsagt heilt sikre på at dette skulle gå greit. Men då eg skrudde opp var det not even close.

Stig
Volvo Amazon 1967
VW Boble 1971
MB E220 CDi (W210) 1999
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av stig Send en privat melding
  
Site Admin
Site Admin

Registrert: 03.01.2007
Innlegg: 711
Bosted: Longva
Svar med sitat
Blir no reine karljohansgata ovan for huset ditt no!! Very Happy

_________________
Mvh
Trond Ravnestad

Volvo PV 544 - Volvo 850 - Volvo V70 - VW Boble Roadster (Fiona)
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Mr PV Send en privat melding Send e-post Besøk hjemmesiden til brukeren MSN Messenger-adresse
  
Fenrik
Fenrik

Registrert: 29.11.2008
Innlegg: 84
Bosted: Stavanger
Svar med sitat
Hei igjen Cool

Kom plutseleg på at vi sjølvsagt inspiserte nokre traktorar då vi var på vinterferie i Innvik. Sondre tykkjer naturleg nok også at dette er kjekkt Very Happy







Ei kjempefin 1303S parkert på Utvikfjellet måtte eg sjølvsagt også ta bilete av. Denne er for øvrig fast inventar på Utviken om vinteren, men eg har aldri truffe på den eller dei som brukar bilen.

Stig
Volvo Amazon 1967
VW Boble 1971
MB E220 CDi (W210) 1999
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av stig Send en privat melding
  
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
Spennande å vere ute på tur å sjå på traktorar og bobler og andre ting som står rundt om kring.
Eg var også på ei runde her om dagen og då traff eg Kristian som og har nokre gamle slitarar.


Den eldste traktoren han har er ein Gråtass frå 1957. Denne er uoriginalt raud, noko Kristian påviste under synfaringa.
Det er nok truleg ein såkalla "gullfisk" som skal ha bronsefarga motor og kropp og grå skjermar og panser.
Om alt går etter planen skal traktoren få attende originalfargen.


Den andre slitaren er ein Ford 555 frå 1983-84. Denne traktorgravaren er ei vidareutvikling frå 550`en som Harald har.
Største forskjellen er på gravaren bak. På 555`en kan ein flytte grabben frå side til side. Og svingen er styrt av sylindrar,
medan 550`en har fast grabb og kjedestyrt sving. Begge har flatt golv i hytta og vendegir.
555`en til Kristian har stått nokre år før han fekk overta den, så no får den løpande oversyn. Det elektriske har ein jordfeil og hytta
har nokre rustangrep, men ellers er den "gullego".

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
 Mc Cormick Farmall Diesel 
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
For ei stund tilbake var eg på Haramsøya og henta ein
gamal bil. Sidan bilen sto litt "abakeleg" til måtte ein gamal slitar til takast fram for
å få bilen fram.
Den gamle slitaren var ein -53mod Mc Cormick Farmall Diesel.
Originalt ekstrautstyr var sideslåmaskin.
Om eg ikkje hugsar feil var maskina ein 2 sylindret diesel.






_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
 Nødhjelp til Forden. 
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
For eit par dagar sidan starta eg Forden for å brøyte litt ute på tunet.

Den starta fint og gjekk ei stund, men så stoppa den heilt utan forvarsel.
Etter ei lita feilsøking fann eg den åpenbare feilen til at det brått vart stopp.

Diesellokket var borte vekk, og då kan ein berre tenke seg til kva det fører til med det snøveret vi har hatt.

Sidan vatn er tyngre ein dieselolje starta eg med å åpne opp filtera og drenere ut ein del frå tanken i
håp om at eg også fekk ut vatn frå botnen av tanken.

Det viste seg at både filter og diesel såg ruskete ut. Så no står det iallefall nye dieselfilter på bestillingslista hjå økonomideler.

Etter å ha gjort reine dei forskjellige delane, lufta eg systemet frå filtera og opp.
Det tok litt tid, men til slutt starta traktoren igjen og eg kunne gå laus på snødungane.

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
 Vovlo BM 320 - attende frå dei daude! 
Visekorporal
Visekorporal

Registrert: 10.06.2010
Innlegg: 1
Svar med sitat
Denne vakre Volvoen følgde med huset vi kjøpte på Osterøy. Tidlegare huseigar hadde saman med to andre investert i ein traktor for enkelt gardsarbeid, veding og måking om vinteren. Då vi overtok huset, fekk vi og del i traktoren. Eg bruka den flittig i byrjinga, det var mykje stein og mold eg ville ha flytta på. Dei andre eigarane beklagde seg over slark i framhjula, men eg kunne ikkje så mykje om traktorar at det uro meg noko vidare. Ein dag køyrde eg høgt til fjells for få finne tak i ein steinsvans. På vegen nedatt den svingete vegen synest eg det var litt mykje slingring på framhjula, og då eg var på tunet att ( heldigvis) høyrde eg eit "ping" og rattet hadde ikkje lenger noko kontakt med hjula.

Sidanden dagen stod traktoren i over eitt år. Eg prøvde lenge å skaffe ei ny styresnekke. Eg var innom mange hoggarar og nettbutikkar utan særleg hell. Styresnekke til Volvo BM var skjeldan vare. Det fekk eg mellom anna stadfesta av ein hoggar frå Finnmark som eg ringde til. Han spurde kva eg trengde og då eg sa det var ei styresnekke til Volvo BM, gjorde han det klart at dette var ettertrakta. Han hadde ei liggande, men prisen han sette på ho var langt over mitt budsjett.

Så, like før eg gav opp kom eg over dette forumet, og artikkelen til Frode om korleis han vøla sin BM med styresnekke-problem. Eg sende avgarde ein e-post der eg spurde om han kunne ta jobben dersom eg sende han styresnekka. Det gjorde han og Snekka kom i retur ferdig vølt. Vi monterte den på, og traktoren har gått (og svinga) som ein draum sidan.
Traktoren er utstyrt med motrovarmar til dei kalde dagane, og i vinter har den vore uvurderleg til å måke snø. Vi bur utanfor allfarveg og den komunale snømåkaren prioriterer oss sist.
Utover det bruker eg han til å rydde land, flytte steinar, og ikkje minst til å hente ved i skogen. Etter kva eg får fortald er det god hydraulikk i Vovlo BM og når eg kjem over ein brukt vedkløyvar, kjem eg til å kjøpe den.

For framtida har eg planar om å slipe han ned og lakkere han oppatt. Det er ein del overflaterust.
Traktoren treng og nokre nye ledningar, spegel og ei vøling på handgassen.
Eg skal halde tråden oppdatert etterkvart som arbeidet går frammover.

Heldigvis kom det med ei super instruksjons/vedlikehalds hefte på svensk som gjer at eg tek sjansen på å ordne det sjølv Wink

Men, utan forumet her, og hjelp frå traktor-entusiasten Frode, hadde traktoren vår stått enno.
Takk for hjelpa!

God sumar!
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Jarle Send en privat melding Send e-post
 Fin traktor 
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
Kjempefint at du la ut nokre bilder og litt historie på traktoren din.
Takkar for reklama og.
Eg har brukt Busteren min og mykje i det siste.

Seinaste oppgåva var å køyre sand og stein inn og ut av hallen som vi bygg på Rogne.

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
 Bytte av hydraulikkpumpe på BM 320 
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
Sist veke fekk eg gleda av å bytte hydraulikkpumpe på ein gammal Buster.
Ein bekjent som har hatt problem med lekasje frå den gamle pumpa si spurte om eg kunne
hjelpe med å skifte til ei ny pumpe som låg klar i garasjen.
Sidan den gamle typen pumpe ikkje er i produksjen lenger, er det en ny type pumpe med tilhørende rør og
skruer som skal monteres.

Her er den gamle pumpa abilda.

Her har eg demontert pumpa. Drev, lager og inn/ut koblingsmekanisme må flyttast over til den nye pumpa.
Ei segerringtang er kjekk å ha til dette arbeidet.

Her ser ein inn i huset der drevet ligg. Bøylen, som kobler ut og inn hydraulikken, har to pinnar som ligg i eit
glidespor på eit drev på pumpeakslingen. Det er viktig å få på plass disse pinnane ved montering. Det krev litt lirking, og
sidan klaringa til viftehuset vert mindre med den nye pumpa må ein enten demotere eller masere dennelitt ved montering.

Her er den nye pumpa på plass med dei nye rørbitane som fulgte konverteringssettet.
Det var litt behov for å masere røra slik at dei fekk riktig vinkel ift. kvar andre, men ellers passa det godt.
Det kan vere greit å løsne litt på koblingane på dei gamle røra slik at dei vert litt meir bevegelege.
Reknar med at eg får nokre fleire bilder av monteringa og av traktoren i drift litt seinare.

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
  
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
Tok eit par bilder av ein god gammal sliter her om dagen.
Volvo Buster 400 68mod. Eigd av Peder Rogne.
Vart i dette tilfellet brukt til å spreie kalk.










_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
Du kan starte nye tråder
Du kan svare på tråder
Du kan ikke endre dine egne innlegg
Du kan ikke slette dine egne innlegg
Du kan ikke stemme ved avstemninger
Alle tidspunkter gjelder for tidssonen GMT + 1 time (norsk tid)  
Side 1 av 2  

  
  
 Svar på tråden  

Søk blant norske bedrifter på io.no