Skrevet: to. des. 04, 2008 12:42 |
|
Hei

Eg er kompis med Frode frå gammalt av og bur no i Stavanger. Kjekkt å vere medlem i klubben. Her kjem litt historikk om min Volvo Amazon. Men fyrst eit par heilt grunnleggande opplysningar: Volvo Amazon blei produsert i 667 323 eksemplar i 14-årsperioden mellom 1957 og 1970.
Fakta om Stig sin Amazon:
Eigar: Stig Sandal, Stavanger
Modell/type: 131211M (Talkodane tolkast slik: 13 betyr todørs sedan, 1 betyr enkel Zenith Stromberg forgassar, 2 betyr standardutførelse (Favorit), 1 betyr M30 tretrinns manuell girkasse, 1 betyr venstrestyrt og til slutt M som er bokstavkoden for 1967-modell).
Motor: B18A
Effekt: 75 hk/DIN
Bremser: Skivebrems framme og tromlar bak
Farge: 42 Californiahvit
Lengde: 442 cm
Bredde: 163 cm
Vekt: 1080 kg utan førar
Regnr: O-34016
Registrert 1. gang: 26.07.1967
Kjøpt av meg: 26. mars 1991 for kr. 15000,-. Regnr. var då TV 53067 og bilen hadde rulla 108 834 km. Registrert tilbake til originalskilt O-34016 i 1997.
Stand/utstyr: Original stand men ikkje original utførelse. Bilen har stort sett vore fri for rust, men i vinter hadde eg ein grundig sjekk av spesielt kanalane. Dette medførte litt sandblåsing, sveising med påfølgande lakkering av heile bilen (utruleg kor det ballr på seg når ein fyrst set i gang). Bilen er derfor no nylakkert, nytectylert og rustfri.
Aktuelle gjeremål: Nye dekk og evt. felgar, manglar nokre pakningar, fornying av interiør - spesielt førarsete, rette opp støtfangaren framme med potensiale for ny krom/ny støtfangar, ny lakk på innsida av panseret og generell shining i motorrom, nye matter/gummi både i cupeen og bagasjerom, ny lakk i bagasjerom. I tillegg kan eg nevne at bilen hadde seg eit lite år i undervisningsøyemed på yrkesskulen i Stryn på midten av 90-talet. Det blei då gjort diverse vedlikehaldsarbeid på bilen samt gjort ei heillakkering.
No står bilen tørt og fint i garasje i Innvik. Eg har litt plassmangel her i Stavanger, så far min har fått ansvaret for å bruke bilen. Amazonen har no kjørt seg ca. 141 000 km.
Det har i praksis berre vore ein tidlegare eigar av bilen. Dette var Hr. Dreyer frå Bergen. Bilen blei også kjøpt ny i Bergen, derav O-registrering. Fyren som eg kjøpte bilen av var vel det ein kan kalle ein spekulant som skulle tjene nokre kroner på bilen etter at han kjøpte den av enka til Dreyer.
Favorit er for øvrig ein billigversjon av amazonen, eit triks som medførte bl.a mindre krom og tre trinns girkasse. Dette var for å lokke til seg fleire kjøperar. Amazonen kosta på denne tida dobbelt så mykje som ei boble.
Eg er sjølvsagt medlem av amazonklubben
www.nvak.no og håpar å kome meg på landstreffet i 2009 som denne gangen skal vere i Stavern.

Håpar dette var kjekk lesing. Eg skal legge ut fleire bilete av amazonen. Har også planer om å legge ut bobla til kåna som prosjekt. Dette er ei 1302 frå 1971. Snakkast
