Skrevet: on. des. 31, 2008 17:00 |
|
Hei
Hadde veldig lyst til å gje Boblisen til KÅNA litt oppmerksomhet innan utgangen av året! Dette er altså KÅNA sin. Ho har alltid hatt lyst å kjøre Boble. Sidan eg er gammal Bobleentusiast var det ein vinn vinn situasjon å gje KÅNA denne bilen i bursdagspresang for eit par tre år sidan.
VW 1302 1971 modell
Bobla blei kjappt døypt til Boblisen av KÅNA og ungane. Dette er heilt klart favorittbilen til KÅNA og ungane
Boblisen er fyrste gang registrert 8. november 1971 på han Elias i Bremanger. Sidan det var slutt på å registrere bilane på "gamlemåten" i 1971 så er det skiltet som står på bilen i dag, TV 13641, som også er originalskiltet. Han Elias hadde Boblisen fram til han avregistrerte den 8. november 1994. Han hadde den nok ståande fram til 14. juli 2001 då han Ronald i Olden kjøpte bilen. Han Ronald hadde bilen som ein sommarbil ståande på låven fram til eg kjøpte den i mai 2006. Boblisen blei omregistrert 04.05.06.
Boblisen har helde seg godt for alderen. Eg har fiksa nokre småting, men Boblisen har gått som bruksbil i daglig drift sidan vi kjøpte den. Boblisen hadde berre rulla 99 000 km fram til KÅNA tok den i bruk.
Biletet viser veldig godt at Boblisen må jekkast ned framme for å få den rette looken. Fleire bilete og info kjeme seinare. Bruker samtidig dette høve til å ønskje samtlige i Seasidecustom eit riktig Godt Nytt bilår i 2009
Stig