I 2006 vart det beslutta at Seaside Custom skulle starte arbeidet med planlegging og bygging av eit nytt og eige klubblokale.
Ein stålhall som var lokalisert i Mandal vart løysinga, og denne vart lasta opp på ein trailer og frakta til Nordøyane i 2008.
Samtidig fekk vi tilbud om og kjøpe ein lakkboks, med H-produkter på Haramsøya, og denne blir også ein del av inventaret i den nye SSC hallen.
Stålhallen er utstyrt med traverskran i taket, og vi har løftebukkar liggande klare for montering i dei nye lokala.
Ein stor kompressor er kjøpt inn, og står berre og ventar på og få levere trykkluft til alle arbeidstasjonane i hallen.
Her blir det langtids mekkeplassar (leige), for dei som ynskjer og restaurere o.l, og eit "drop in" område der løftebukkane skal stå.
Dette med tanke på kortare repparasjonar, og vanlig vedlikehold av bilar og anna utstyr.
I tilknytting til hallen blir det satt opp eit tilbygg, som blir klubbrom for klubben sine medlemmar og aktivitetar.
Seaside Custom håpar dette kan bli eit samlingspunkt for alle motorintersserte på øyane og omegn!!
Her er nokre bilder på korleis det heile skal sjå ut!! (klikk på bilda for større versjon)
Bilder av hallen før den vart demontert i Mandal
Sist endret av Mr PV ti. mars 09, 2010 14:52, totalt endret 16 ganger
På den aller aller siste dagen i 2008, vart det symbolske første spadetaket tatt. Då var store delar av styret i Seaside Custom in på tomta for og stikke ut plaseringa av hallen. I sludd og regn, samt kald vind frå nord, feira vi med kaffi og norske flagg, og stemninga var omtrent slik som Frode er på bildet… No er vi endelig i gang!!
TIL INFO: Laurdag 03.01.09 var Harald inne på tomta og rota litt med traktorgravaren sin, og det såg lovande ut når det gjald grunnen.
No manglar vi nokre lys på storegravaren, samt noko fiks på ein sylinder, og sist men ikkje minst, litt beire veir og jobbe i for vi
set i gang for alvor med gravinga!!
Laurdag 10.1 frå kl.11 vert det arbeid inne på tomta.
Vi skal jobbe med vegen inn på området og med reisverket til hallen.
Alle som vil kan kome og hjelpe eller slå av ein prat.
Laurdag 10.01.09 var det full aktivitet på tomta til Seaside Custom hallen.
Det er for det meste maskinarbeid endå, og det er litt begrensa kva ein får gjort før disse har fått rota
seg ferdig. Her ser du kva Harald har fått utretta på inkjøyrsla til tomta!!
Traktorgravaren til Harald kjem godt til nytte, men denne dagen måtte han gje tapt for dei seige røtene inne i myrane.
Ein hydraulicslange gav etter, og då vart det full stopp i gravinga denne dagen.
Jonny Longva og Longva maskin, har vore inne med to lass steinmasse, til drenering i innkjøyrsla.
Frode og Knut hadde ingen gravar og leike seg med, så dei nytta tida til og sette saman eine buen til hallen, for og
ta litt mål av denne, samt skaffe seg litt oversikt over delane til stålhallen.
Hege stilte med vaffler og kaffi, noko som smakte heilt fortreffelig!!
Litt seinare kom Anders med gravemaskina si, og starta arbeidet med og grave der hallen skal stå!!
Her er nokre fleire bilder frå arbbeidet på laurdag. Anders kom med Bobcaten og satte i gong med å grave av torv på tomta. Vi fekk ta meir nøyaktige mål for plaseringa av hallen og målt diagonalane.
Grunnen ser veldig bra ut.
Medan, Øystein, Knut, Frode og meg sjølv sto på buda med klubbstand og promoterte klubben, samt trykte i oss vaffler,
så var Harald, Anders og Erling Haram inne i tomta og jobba!! Denne laurdagen byrja innkjøyrsla og ta form. Steinmassa
vart køyrt på og jamna, men når dei begynde og nerme seg grunnen der hallen skal stå, så viste det seg at denne grunnen
ikkje var så bra som først anntatt Då Erling rygga traktoren bak på, så gjekk han rett i gjennom!!
Resten av ettermiddagen gjekk med til og grave seg ned til fast grunn, og køyre vekk overskudsmassa.
Vi må nok belage oss på og grave oss lenger ned for og få sjikkelig fast grunn, og her er det mykje masse som må vekk!!
Men med arbeidslysta og ståpåviljen til disse karane, trur eg ikkje dette vil by på noko problem!!
Bilda er veldig dårlige sidan dei vart tatt i noko "dunkel" belysning!!
Du kan starte nye tråder Du kan svare på tråder Du kan ikke endre dine egne innlegg Du kan ikke slette dine egne innlegg Du kan ikke stemme ved avstemninger
Alle tidspunkter gjelder for tidssonen GMT + 1 time (norsk tid)
Side 1 av 10