H-produkter donerte eit større parti med isopor til Seaside Custom.
Dette var isopor som ikkje kunne nyttast på H-produkter, Harald.O og Seaside Custom
ser nytten i alt og vil bruke denne isoporen til isolasjon i grunnplata på SSC hallen.
Isoporen vart stua inn i siloen til Konrad, som etterkvart er begynt og fyllast opp!!
Erling Haram stilte med Traktor. Kjekt med slike hjelpara, og ikkje minst slike doningar og hjelpe oss med.
Tralla er Harald si, som var fylt opp av isopor.
Isopor av denne typen!!
Karane stuar isopor etter beste evne... Harald, Helge og Erling i aksjon!!
Når alt var komt på plass vart det tid til ein kaffi.... og då rann det inn med folk??
Nils Idar og Anders kom crusande forbi i nybilen sin, og slo av ein prat. Og så kom Elfinn crusande i sin Cherokee.
Det vart fortalt nokre skrøner, før alle for kvar til sitt!!
No har det vore stilt lenge inne i tomta, men laurdag 18.04.09, var Harald inne og rota med Hydromacen sin.
Vi har lenge venta på at storegravaren skulle annkome tomta, for det er endå berre maskinarbeid som står
for tur, og Harald har jobba seine kveldar for og gjere gravemaskina klar for oppgåva.
Hydromacen har fått ny pakning i eine sylinderen, nytt eletrisk til arbeidslysa, pedalar for og kunne køyre framover
og bakover og sikkert mykje meir. Samtidig har det og vore mykje væte i tomta, så det har ikkje vore
særleg egna for ein stor og tung gravar før no.
Her er nokre bilder av Hydromacen, samt laurdagens arbeid:
Andre ting vi jobbar med er brakettar for infesting av takbuane mot ringmuren.
Disse brakettane er under produksjon, og vi held også på og evnar på ein jigg som skal brukast
då brakettane skal sveisast til takbuane. Eit kraftig sveiseapparat er ankomt garasjen på Rogne til dette arbeidet.
Ein flott bautastein er blitt satt opp ved innkøyrsla til tomta. Denne skal fungere
som fundament for ein Seaside Custom logo i metall, som Aakre mekaniska har
skjert ut for oss.
Dette området er no ferdig planert og sått i, så her blir det grøn fin plen, med ein
bjørkeale mot veie.
Planeringa for forskalingane og ringmurane er godt i gang.
Vi er så heldige, og får låne lazer wateren til Per Arne Tomren, for og kunne beregne
høgda til fundametet til ringmurane.
Ein septiktank vart kjøpt inn i forrige veke.
Per Arne Tomren har donert vekk den gamle annlegs campingvogna si til klubben.
Så her kan vi tine opp igjen frosne skrottar, når det begynde og bli kaldt ut over hausten/vinteren.
Seaside Custom takkar for bidraget!!!
Tysdag 18.08.09, var det godt oppmøte inne på tomta til Seaside Custom, og vi fekk gjort ein god del denne kvelden.
Vi kom rundt med grunnlaget for ringmuren (med untak av eine veggen).
Gravd ut for resten av tomta, der tilbygget for lakkboksen skal stå. Vi fekk køyrt på plass ein god del flakar.
Og vi kom nesten halveis med sveising av brakettar på stålbuane til hallen.
Det er alltid tid til ei kaffipause på tysdag kveldane.
Og i campingvogna var det godt og søke ly for myggen ei lita stund!!
Bering av flakar til forskaling av ringmuren.
Ei lita oppsumering, etter godt utført arbeid. Same tid same stad neste tysdag!!
Torsdag 27.08.09 var ein gjeng inne i tomta igjen og fortsatte forskalingsarbeidet... no er der ikkje mykje forskaling som gjenstår på sjølve hallen.
Tysdag 01.09.09, kl 19.00 blir det igjen nye tak, der forskalingsarbeidet fortsetter.
Ta deg ein tur om du har anledning til å hjelpe til, eller om du ynskjer og sjå korleis det går
Tysdag 15.09.09, var det igjen nye tak inne i tomta. Tross eit forferdeleg griseveir litt ut på kvelden, så lykkast vi med og bli ferdige med singelen under ringmuren. Somme hadde vore ute ein regnveirsdag før, og hadde utstyrt seg med regnklede, medan andre satsa alle korta på at det skulle vere opplett heile kvelden.... dette vart ein våt fornøyelse!!
Vi søkte ly ved Framtun, under kaffipausa.... det smakte godt
Her kjem nokre bilder i frå gårsdagen!!
Sidan veiret ikkje tillet oss og vere i tomta denne kvelden, så hadde vi oss ei økt i "customen" i staden for!!
Vi fekk ut alle buane som var ferdig grunna og sveist tidlegare, for så og få sveisa og grunna dei resterande.
No er det kun 2stk igjen, (dei 2 dobble)
Vi fekk også gjort klart finerplatene som skal holde gjengestengene på plass under støypinga.
Stig Are og Olav Arne vatrar opp buen, og gjer denne klar for sveising på braketten.
Då var den i vater!!
Sveis!!
Kaffi og bilprat i "rølekråna"!!
Som sikkert mange har fått med seg, så har Seaside Custom ein komplett lakkboks liggande i delar, lagra rundt om kring på
strategiske plassar Den største delen av dei alle, som er brennaren til lakkboksen, har vi fram til no våre så heldig og få
lagre inne i bussgarasjen på Nogva. Forrige veke fekk vi beskjed om og fjerne denne sidan ein trengte plassen i bussgarasjen.
No var "rådyra gode", men heldigvis fekk vi lov og lagre brennaren inne i løa til Sevrin Longva
Tysdagen gikk derfor med til og flytte brennaren, samt ein del dører og fasadar til stålhallen og klubbrommet
Du kan starte nye tråder Du kan svare på tråder Du kan ikke endre dine egne innlegg Du kan ikke slette dine egne innlegg Du kan ikke stemme ved avstemninger
Alle tidspunkter gjelder for tidssonen GMT + 1 time (norsk tid)
Side 2 av 5