Skrevet: on. okt. 14, 2009 20:38 |
|
Tysdag 13.10.09 var det full "action" i tomta igjen. Etter lang tid med mykje dårleg vær, så klaffa det endelig med fint vær på klubb kvelden vår tysdag!! Oppmøtet var upåklageleg, og vi fekk gjort mykje denne kvelden!!
Forskalingsarbeidet fortsette, og denne kvelden kom vi heilt rundt med kasettane.
Vi løyvde 2stk forskalingskasettar... det må eg seie er godt beregna
Knewton og Knut legg armering i botnen av forskalingane. Kom heilt rundt også med dette
Her ser du forskalinga for eine ingangsdøra eller porten i hallen.
Karane i aksjon!!
Konstruksjonen nærmast i bildet, att med spikarpakken, er Laffen sin prototype på boltane
som skal støypast fast i muren. Dette blir feste for buane til hallen.
Her ligg delar av buane til hallen, i påvente av og bli montert.
Nærbilde av brakettane som er blitt påsveist inne i garasjen.
Væl fortent kaffipause!!!
"I nøden spiser fanden fluer", og i mangel av kaffikopp, måtte ein ty til kreative løysingar.
Ei Cola flaske gjorde nytta denne gangen, og det vart i grunn eit flott stettglas.... fint skal det være!!
Ei slik økt til, og forskalingane er ferdige!! 