Skrevet: on. nov. 03, 2010 22:26 |
|
Denne tysdagen 02.11.10 fekk vi også gjort ein god del!!
Då eg annkom hallen i 8-tida så var Frode, Knut og Nils Idar godt i gang med og skru fast dei siste takplatene.
Olav Arne og Omar hadde starta på ettermiddagen og jobba traust vidare på skinneopphenget på portane.
Då eg kom hadde dei allereie fått på plass fjørene til opptrekket... takka vere godt forarbeid på laurdagen før.
Eg, Harald og Anders starta med og feste resten av beslaga på mønen, og når kvelden var omme så var alle
mønebeslag på plass med sika og det heile, samt takplatene på plass,... dvs tett tak!!
Kristian og Jann Edu kom også litt ut på kvelden, og dei fekk på plass ein del pakknigar rundt eine porten.
No gjenstår det å få justert portane, samt feste motor og skinnetrekket til denne, så er potane klar!!
Når dei siste hjørnebeslaga er komt på plass og litt "småkjafs" her og der, så er vi klar til og ta til på
golvet. Her må vi legge ned jording, avløpsrør og vannrør. Der etter må vi jamne og planere, legge ned plast og
isolasjon... det nærmar seg støyping av golv!!
