Skrevet: ma. jan. 04, 2010 21:38 |
|
Hei
Tenkte å lage ein liten tråd på russaren eg har fått meg tak i, nemlig ein Lada Niva 1988 modell. Lada er ein del av kulturarven vår, og eg følte plutselig ein dag no i november ansvar for å ta vare på denne. Hadde også veldig lyst på ein 4-hjulstrekkar, og då er jo Lade Niva eit svært godt alternativ. Min Niva er ein 88-modell med 1,6 liter besinmotor. Bilen har etter dei opplysningane eg har samla inn, jfr. speedometeret kun kjørt rett over 10 000 mil.
Eg har berre fått tid til å parkere vogna i garasjen, så eg har ikkje fått gjordt opp status endå. Men eg kjørte no bilen på prøveskilt frå Haugesund til Stavanger, og det gjekk no bra. Det virkar å vere svært så lite rust, så det virkar lovande. Fyrste delmål no er EU-kontroll og godkjenning. Må bl.a fikse nokre småting på lysa fyrst, men håpar å få den gjønå aller helst no i løpet av Januar.
Litt historikk: Lada Niva blei produsert frå 1978. Bilen har permanent firehjulstrekk med reduksjonsgir og sperre på midtdifferensialen, samt 23,5 cm bakkeklaring. I 1989 kom Nivaen med eit høgare tak, så eg har truleg fått meg tak i ein av dei siste med "vanleg" tak.
Dersom nokon der ute har Ladaerfaringar som kan delast, hadde det vore kjekkt med tilbakemeldingar. Sist (og einaste gang) eg sjølv kjørte Lada var i russetida, og det var vel ein Lada 1500 (eller noko sånt....)
Stig