Skrevet: sø. feb. 28, 2010 20:09 |
|
Når hydraulikk sentralen og røyrene var ferdig, var det å demontere siste rammevangen.
Klar for sliping:
Slipte ned heile bakenden og gearkassa, deretter var det å grunne den.
Alle duppedingser som braketter, ledd og andre smådeler vart plukka av og sandblåst
No var det å begynne med famenden.
For ei stund sidan skifta eg radiator. Originalradiator fekk eg ikkje tak i, men ein til 3-syl Ford passa (nesten). Fronten på panseret måtte flyttast ca 4 cm framover og panseret måtte skjøytas tilsvarande. Når eg sveiste på panseret vart dette ikkje heilt bra, so eg bestemte at eg ville lage eit nytt i glassfiber.
Brukte det gamle som plugg, med litt modifikkasjoner sjølvsagt. Det vart litt arbeid med sparkling og pussing, men resultatet såg bra ut
Så var det å støype ei form utanpå
Har no tatt av forma og forsterka den, samt laga til avsluttning på sidene av panseret.
Kristian Åkre som har ei tilsvarande maskin, hadde to motordeksel liggande som eg fekk låne. Skal kopiere desse og tilpasse dei det nye panseret