Registrer  |  Hjelp  |  Søk  |  Medlemsliste  |  Grupper  |  Logg inn 



Svar på tråden
 Renovering av Garelli'n ukjent årsgang 
Fenrik
Fenrik

Registrert: 04.09.2010
Innlegg: 94
Bosted: Skaret, Haramsøy
Svar med sitat
Hei! tenkte eg skulle legge ut nokre bilde av oppussinga av den gamle Garellien min. Det er ein italiensk sykkel, ukjent årstal.



Her er eit bilde av den då eg fekk den







Det var utruleg lite rust på rammå men litt på skjermane og div.




Her er motoren og eksospotta, motoren har ikkje gnist desverre, men skal vere muleg og fikse.




Eksospotte..


Motor..



Her har eg demontert og mattpussa rammå.



Det var ein liten bulk på bensintanken som eg fekk ut med å børe eit hol i tanken og dra den ut, sparkling gjenstår.




Skiltplate, sete, bagasjeberar, skjermar ++




Musikk må ein ha!




Motor..




forgasser..



Lykt..



Horn..


Gasskontroll, bremse ++



felgen framme.


Støtdempera bake og masse skrua...



Brukte pusseklut til å matte rammå.


Var ei lita sprekke i ein skjerm so eg sveisa, det vart ganske bra..


Vaska motoren for olje og skjit.

Oppdatering 5.09.2010

I dag starta eg å jobbe med motoren, fordi denne motoren er trø-starta og den drog ikkje svinghjulet rundt då eg trødde.


Her har eg skrudd av dekselet og tømt motoren for olje.


Her er ein del som skal vere inni hølet dokke ser på midten av bildet over. Den skal gjere at det blir meir press sånn at den skal drage rundt når ein trø, dette var heimelaga og dårleg.


So eg dreia meg ein ny.


Her er resultatet, det funka veldig bra.

Sidan eg ikkje fekk til gnisten på motoren var det neste å ta av svinghjulet.


Her dreiar eg ein ters til å ta av svinghjulet.


Laga høl til ein 8mm bolt.


Slik var den til slutt, funka utruleg bra.


Her har eg fått av svinghjulet.


Der fann eg ein avklipt sporkile.


Her er svinghjulet og sporkilen.


Her har eg skrudd ut alt det elektriske og vaska litt innvendig.


Her er det elektriske.


Denne sporkilen var litt spesiell fordi den var halvmåneforma.

Etter sporkilen var fiksa gjekk eg og målte motstanden i det elektriske, der såg allt bra ut..
då eg skulle sette sammen prøvde eg ein gong til og då verka det... Då fann eg ut at ei brun ledning skulle vere på jord Cool

Det som gjenstår er pussing av resten av delane, grunning, lakking, nytt dekk framme og montering Smile

Måndag 06.09.2010


Pussa litt dela, blir ikkje gjort so mykkje i dag og i morgen pga. skule og fotball. Smile

Onsdag 8.09.2010



Pussa dei siste delane i dag.


Og vaska motoren.

Oppdatering 11.09.2010


Alle delar er ferdig pussa...


He kjøpt nytt framdekk..


Vaska alle delar med kraftvask og høgtrykkspyler.

Hjullageret bake har skjært seg, og dette kan bli eit problem. Har kika på internett men finner ikkje rette sorten, skal høyre med ein sykkelreperatør om han har eller kan bestille. Visst ikkje får eg vell dreie eit glidelager...Laughing

Det som gjenstår er: nye hjullager, grunning, lakking og montering. Smile Har kjøpt nye hjullager i dag (15.09.10) på biltema. det vart vanlege kulelager med måla: 15 x 32 x 9 ( Mål = akseldiameter x ytre diameter x bredde.) dette er 2RS lager, det vil seie two rubber side, altså gummi på begge sider for lang levetid.

Oppdatering laurdag 18.09.10

I dag var eg ein tur til byen og kjøpte to hjullager til.

Då eg kom heim begynte eg å lage nye hjulaksler. Fordi det var enklare og lage nye enn å bruke dei gamle, eg dreia dei nye av rustfritt stål. I morgon skal eg gjenge dei so er dei ferdige. Eg hadde ikkje med meg kamera i dag so det vart ikkje tatt bilder.

Det som gjenstår er: Vasking med Lynol, grunning, lakking og montering Smile

laurdag 26.09.10

No er hjulaksane ferdige og framhjulet er klart for bruk, bakhjulet er ikkje heilt ferdig, manglar nokre mellomlegg og skiver.

Det blir nokk lakking i haustferien tenkjer eg!

Fredag 1.10.10

I dag begynte eg og grunne, det gjenstår eit lag på dei små delane, rammå er ferdig Smile


eit par minutt seinare:



Smile

Laurdag 02.10.10

I dag lakka eg rammå med svart ametyst-effekt bil-lakk som eg fekk frå brabil. Eg brukte sprøyepistol og kompressor:)


Smile Gjenstår å lakke resten av delane metallic-sølv og spraye på klarlakk Smile


Tirsdag 05.10.2010

I dag tenkte eg å legge på eit lag med metallic sølv, men sidan eg hadde tynner i lakken i går, tenkte eg å teste den først på baksida av ein skjerm, og her er resultatet:


ikkje bra....

men skal til byen i mogon å då skal eg kjøpe sølvlakk på sprayboks.

det var litt dumt, men eg fekk spraya på klarlakk på ramma i dag, det gjekk ganske so bra! blir mest sannsynleg lakking med sølvlakk på torsdag, so er det montering:)

onsdag 06.10.2010

Var ein tur til byen i dag, kjøpte det eg manglar av delar og utstyr, trur eg......

Det eg kjøpte va: to bokser med sølvgrå spraylakk, bensinslange, bensinfilter og slangeklemme Smile

Blir lakking i morgon, om veret er på rette sida! Wink


Torsdag 07.10.210

Fekk lakka dei siste delane i dag! var litt mykje vind, men det gjekk....

eg begynte å montere i det smått også.. ser bra ut hittil!


Fer sjå kor mykje eg får montert i morgon, kanskje det blir første start på 20 år Smile


Fredag 08.10.2010

Fekk montert en del i dag også, berre bla ned å sjå!


litt ut på kvelden hadde eg montert nokk til å få start på den, her er resultatet:

-> http://www.youtube.com/watch?v=jWgdJ-5mlHU

Det neste bli å koble opp det elektriske og skaffe nytt kjede Smile

Då var mopeden i brukbar stand, berre å koble nokre ledninge att, og den lek litt olje, so eg må ha på noko pakningsstoff!

skal kanskje legge ut video snart.


06.11.10

Har kobla litt ledninger i dag, so no kan den både starte Å stoppe! blir vel å ha på litt pakningstoff i morgen..


19. 11. 2010

No er mopeden so og sei ferdig, må berre ha på litt meir pakningsstoff på innsuget.

Smile

20.11.2010
Då var mopeden tett Smile ut i frå det eg har sett hittil.. Smile gler meg til Øyatreffet no! Very Happy


Sist endret av sigbjørn lø. nov. 20, 2010 19:38, totalt endret 27 ganger

_________________
Sigbjørn Klokk
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av sigbjørn Send en privat melding MSN Messenger-adresse
  
Site Admin
Site Admin

Registrert: 03.01.2007
Innlegg: 711
Bosted: Longva
Svar med sitat
Sjå her ja... dette likar vi Very Happy

Gledar meg til og følge prosjektet og sjå fleire bilder Very Happy

Kjekt med ein italienar også i klubben

Stå på!!

_________________
Mvh
Trond Ravnestad

Volvo PV 544 - Volvo 850 - Volvo V70 - VW Boble Roadster (Fiona)
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Mr PV Send en privat melding Send e-post Besøk hjemmesiden til brukeren MSN Messenger-adresse
 Garelli 
Løytnant
Løytnant

Registrert: 30.04.2010
Innlegg: 133
Bosted: Sula
Svar med sitat
Hei!

Dette var artig å lese om. Motoren var en interessant skapning, meget kompakt og enkel.
Håper du får alt til å fungere og at den starter etterhvert. Mens husk bremsene også!

Likte at du lager dine egne verktøy etter behov! Det skal litt til for å stoppe deg, skjønner jeg.
Godt å se at det fins nevenyttige sjeler som kan gjøre ting på egenhånd.

Lykke til videre!

_________________
Mvh.
Martin Rolén-Hustad
Rover P5B -68
Triumph 2000 Mk II -73
Peugeot 508SW HDI -11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av SirTriumph Send en privat melding Besøk hjemmesiden til brukeren
  
Site Admin
Site Admin

Registrert: 03.01.2007
Innlegg: 711
Bosted: Longva
Svar med sitat
Skal seie du er nevenyttig... sveising, dreiing og heimelaga verktøy.. dette står det respekt av Very Happy
Håpar det er fleire her i klubben som kan gjere slik som du, og fortelle litt om prosjektet sitt her på SSC forumet.
Enten det er moped, bil, båt, radiobil/båt, modellbil/båt, traktor, fly, mc eller lastebil....
det spelar ingen rolle kva det er ein "pjaska" med i garasjen eller på hobbyrommet, for det er utruleg kjekt og inspirerande
og sjå slike prosjekt som dette her på forumet Very Happy

Stå på vidare, og hold oss oppdatert

_________________
Mvh
Trond Ravnestad

Volvo PV 544 - Volvo 850 - Volvo V70 - VW Boble Roadster (Fiona)
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Mr PV Send en privat melding Send e-post Besøk hjemmesiden til brukeren MSN Messenger-adresse
  
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
Ja dette er kjekt å lese om.
Ikkje det mest vanlege mopedmerket.
Eg og hadde eit uvanleg merke når eg starta renoveringa av Raufossen.
No snakkar eg sjølvsagt som om eg har peiling på moped, noko eg sjølvsagt
ikkje har, men eg syns det er artig likevel.
Gledar meg til å sjå fleire bilder framover.
Mopedtreff til våren Cool

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
   
Annonsør


  
Kaptein
Kaptein

Registrert: 02.03.2009
Innlegg: 230
Bosted: Haramsøy
Svar med sitat
Bra du he nokke å sysle med Wink

_________________
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Jann Send en privat melding MSN Messenger-adresse
  
Site Admin
Site Admin

Registrert: 03.01.2007
Innlegg: 711
Bosted: Longva
Svar med sitat
Her er stadig framgang ser eg... stå på

Husk og hold oss oppdatert med bilder under lakking i haustferien Wink

_________________
Mvh
Trond Ravnestad

Volvo PV 544 - Volvo 850 - Volvo V70 - VW Boble Roadster (Fiona)
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Mr PV Send en privat melding Send e-post Besøk hjemmesiden til brukeren MSN Messenger-adresse
  
Site Admin
Site Admin

Registrert: 03.01.2007
Innlegg: 711
Bosted: Longva
Svar med sitat
Heisann og gratulerer med start på mopeden... dette var artig og sjå!! Very Happy
Ein utruleg deilig følelse når ting starta og går slik som dette!!
Ikkje berre går den fint, men den ser fin ut også!!

_________________
Mvh
Trond Ravnestad

Volvo PV 544 - Volvo 850 - Volvo V70 - VW Boble Roadster (Fiona)
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Mr PV Send en privat melding Send e-post Besøk hjemmesiden til brukeren MSN Messenger-adresse
  
Fenrik
Fenrik

Registrert: 04.09.2010
Innlegg: 94
Bosted: Skaret, Haramsøy
Svar med sitat
Joda, takk for det Trond, venter berre på nytt kjede no, so skal den vel gå framover også!

_________________
Sigbjørn Klokk
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av sigbjørn Send en privat melding MSN Messenger-adresse
  
Fenrik
Fenrik

Registrert: 04.09.2010
Innlegg: 94
Bosted: Skaret, Haramsøy
Svar med sitat
.


Sist endret av sigbjørn lø. mars 19, 2011 11:20, totalt endret 1 gang

_________________
Sigbjørn Klokk
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av sigbjørn Send en privat melding MSN Messenger-adresse
 Re: Ombygging av Garellien 
Kaptein
Kaptein

Registrert: 02.03.2009
Innlegg: 230
Bosted: Haramsøy
Svar med sitat
sigbjørn skrev:
Har ei stund no, vurdert å bygge om garellien til en "chopper" i Harley Davidson stil. Nokken som har trua på det her, eller skal den berre vere original ? Smile



Tenkte på nokke i den dur Wink




Ka dokke tru ?

Punkt 1 så må du enten heve styret eller flytte sitteposisjonen lenger ned, om du ikke vil ha en meget gåen rygg Razz
for de andre så må styrekrona og festeannordningen modifiseres slik den tåler vekta av deg og sykkelen pga. vinkelen Wink
ellers så skal det vel gå greit Wink
evt mykere dempere forran da de ikke vil ha lik oppførsel som det orginalt vil være

_________________
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Jann Send en privat melding MSN Messenger-adresse
  
Fenrik
Fenrik

Registrert: 04.09.2010
Innlegg: 94
Bosted: Skaret, Haramsøy
Svar med sitat
Forr dei som er interiserte, blir eg mest sannsynleg til stades på Rogne i morgon klokka 14 Wink

_________________
Sigbjørn Klokk
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av sigbjørn Send en privat melding MSN Messenger-adresse
Du kan starte nye tråder
Du kan svare på tråder
Du kan ikke endre dine egne innlegg
Du kan ikke slette dine egne innlegg
Du kan ikke stemme ved avstemninger
Alle tidspunkter gjelder for tidssonen GMT + 1 time (norsk tid)  
Side 1 av 1  

  
  
 Svar på tråden  

Søk blant norske bedrifter på io.no