Skrevet: lø. nov. 29, 2008 12:46 |
|
Då var 140'en klar for to nye år i teneste, etter og ha satt full score under eu-kontrollen torsdag 27.11.08.
Tidleg om morgonen satte eg kursen mot Vatne Autosenter, for og rekke timen der kl 08.00.
Det var verksmesteren sjølv som skulle kontrolere bilen, og då eg kom fram kasta han eit kjapt blikk ut på
bilen, og konstaterte at det var ein 71-mod. Eg vart litt klam i hendene, for at han skulle ha slik god greie på
disse bilane bekjymra meg litt. Han kunne fortelle meg at det ikkje var reint få slike bilar han hadde eigd og
skrudd på opp gjennom tidene. Håpet mitt om å få godkjent 140'en sank... og eg spurte forsiktig om han visste
alle svake punkta på disse bilane, og det kunne han då konstantere!! Ja ja tenkte eg... det var den EU-kontrollen.
Etter ein liten prøvetur kom han igjen, og fortsatt var han i godt humør??
Ein tur på bremsetesten viste at bremsene var beine og fine, men handbremsa hadde ein differanse på 30% og 100%.
Men i staden for og notere noko som helst... ga han meg ein leksjon om korleis handbremsa skulle fiksast og justerast
for og få best mulig resultat. Ein sjekk under bilen, resulterte i mykje skryt over kor bra stand 140'en var i.
Alle vanlige rustplassar på 140'en var heile og fine på denne bilen, og ekstra pluss i margen for heil hjulbrønn, som
stort sett alltid er hol i på disse bilane. Eit slakt hjulager framme som eg fekk beskjed om og stramme, samt eit gåent
styreledd var alt han fant under bilen. Styreleddet fekk eg 2'ar feil på, men då eg skulle bestille time for ny visning
så ba han meg heller om og ringe han når det var fiksa.... sånt likar vi!!
Nytt styreledd er bestilt og skal fiksast ASAP... så blir han kansje meir "tight" og fin på styringa!!
