Denne Mustangen er ein av dei aller første som blei levert. Han som vi kjøpte den med henta den i Sverige og heilrestaurerte den.
Sommeren 2006 fekk pappa ein telefon om at drømmebilen stod i Oslo! Det var onkelen min som ringte og sa at ein kollega av han skal selge ein strøken 1964 1/2 modell Ford Mustang. Det har vore favorittbilen sidan han var liten og dei gjekk på alle filmar.
Vi tok fly ned til Oslo, og eg,pappa og onkel køyrte og henta den i Nittedal. Då eg såg bilen vart eg heilt i skyene kor fin den var!! Den sto på eit Persia teppe i garasja og han brukte den kun til bryllaups turar. Då han fekk vite at vi skulle køyre den opp igjen vart han litt bekymra. Han ville helst at vi hadde den på ein henger med noko over! Vi for på ein liten biltur der eg sat i baksetet og ikkje gjor anna enn smile
Motoren er ein V8,4.7 liter og har 210 hk.
Sist endret av Veronica ma. feb. 12, 2007 21:20, totalt endret 3 ganger
Skulle gjerne likt å visst litt meir om historia til bilen!!!
Kor kjøpte dokke han
Vart bilen importert
Ka består den ta... motor osv!!!
Kor har den gått tidlegare
1964 1/2 Mustang er den første serieproduserte Mustangen. (Om ein ser vekk ifrå den svenske mopeden som heitte Mustang.) Men Ford hadde allereie starta utviklinga av ein lett og sportslig bil i 1962. Prosjektnavnet til den var Mustang I. Den bilen hadde midtmontert V4-motor som seinare vart brukt i den europeiske Ford M-serien. Men høsten 1963 fekk Ford Motor Company eit sjokk fordi då kom Pontiac Tempest Le Mans GTO. Den hadde ein motor på 389cui (Gang med 16.38 så får de liter.) og 348hk. Med så stor motor og relativt lett vekt hadde ikkje Ford noko å stille opp med i det segmentet og måtte derfor finne på noko...fort....for ikkje å tape kundar til Pontiac!!! Med Lee Iacocca i spissen og hans handplukka 8-manns komitee tok Ford fram eit nytt karosseri basert på bunnplata til Ford Falcon. Den nye bilen fekk navnet Mustang og vart lanset som 64 1/2 modell den 17.april 1964. Mustangen vart enormt populer. På dei 4 første månadane vart meir en 100000 Mustangar solgt. Mustang hadde lav grunnpris, 2368$. Utrustninga var moderat på grunnmodellen, men lista med options var kjempelang. Det var på denne lista ein fann servostyring, servobremser, Style Steel felgane, Rally-Pac instrument til rattstammen, GT-foglight til grillen, Full-length center console og sjølvsagt dei store motorane. Den minste motoren var ein rekkesekser på 170cui, 101hk og største var på 289cui, 271hk. Bilen dåkka er har karosserikode 76A for convertible og neste siffer for fargen er enten "J" for Rangoon Red eller "3" for Poppy Red om det er original fargen som er brukt. Mustang 1964 1/2 convertible vart brukt som Pace Car på Indianapolis 500 i 1964. Mustangen er vel det ein kan kalle ein sjølvskriven klassiker og lever vidare no som ein Retro-design av den opprinnelege Mustang 64 1/2.
Set og studerar bilda av mustangen.... og kjem ikkje heilt over kor fin den er!!!
Den er jo like fin inni som utanpå... så han har tydeligvis gjort sjikkeleg arbeid han som
restaurerte den!!!
Likte godt garasjen med persia teppe og innramma bilder på veggane... rett heimekoseleg!!!
Du kan starte nye tråder Du kan svare på tråder Du kan ikke endre dine egne innlegg Du kan ikke slette dine egne innlegg Du kan ikke stemme ved avstemninger
Alle tidspunkter gjelder for tidssonen GMT + 1 time (norsk tid)
Side 1 av 1