Registrer  |  Hjelp  |  Søk  |  Medlemsliste  |  Grupper  |  Logg inn 



Svar på tråden
  
Fenrik
Fenrik

Registrert: 29.11.2008
Innlegg: 84
Bosted: Stavanger
Svar med sitat
Kinna på, som dei seier i Stavanger. Spennande å følgje med!!

Beste helsing
Stig Sandal

_________________
Beste helsing Stig

Volvo Amazon 1967
VW Boble 1971
Lada Niva 2121 1988
Volvo XC70 2007
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av stig Send en privat melding
 Ny økt på rustfronten 
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
Fekk endeleg ei økt på Rusty`en igjen.
Starta med å bygge opp gåtta igjen.
Har tatt ein del notatar som hjelper meg med å finne dei rette måla.
Eg har også tatt vare på dei delane eg har skjert vekk.

Det tar sin tid å bygge opp slikt når ein ikkje har gjort noko liknande før.
Vegen vert til medan ein går og hjernecellene får jobbe på høggir.

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
 Søknad til biltilsynet nærmar seg klar 
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
Statens vegvesen
Region midt
Fylkeshuset
6404 MOLDE

Frode Ravnestad
6293 LONGVA

Søknad om ombygging av personkøyrtøy.

ROVER 90 (P4) 1956
Understellsnr:613700044
Siste kjennemerke: S-2701



Bakgrunn
Denne bilen fekk eg tilbod om å få ved avhenting i 2006. Bilen var då 50år, og det bar den tydeleg preg av. Etter at eg fekk bilen heim starta eg å undersøke litt om historia til den. Det viste seg at dette er ein bil som var solgt i Gloppen kommune, som er den kommunen eg vaks opp i. Den første eigaren var Dr. Johannsen på Sandane. Det viste seg og at dette var ein bil som både far min og fleire andre hugsar. Den andre eigaren var Egil Øygard som var likningssjef på Sandane.
Sidan tilstanden til bilen er dårleg, og det må leggast ned eit stort arbeid med å få den i stand igjen. Derfor har eg ønskje om å gjere ein del endringar under oppbygginga/restaureringa. Dette for å kunne bruke bilen og ha glede av den etter lange økter i garasjen.
I korte trekk ønskjer eg å modifisere drivline med oppheng og bremser. Karosseriet vil eg bygge om til ein pick-up variant.



Ønskede modifikasjonar:
Kappe karosseri bak B-stolpe og lage ny bakvegg.
Lage nytt plan bak hytte. Dette skal byggast opp på same måte som eit plan frå ein 50-tals pickup med utanpåliggande skjermar.
Bruke bakskjermar frå Volvo-PV.
Bytte ut frontaksel mot komplett forhjulsstilling frå Volvo 140/160-serien eller eventuelt lage nye nav på originale spindler for montering av volvo skiver og kalippere.
Bytte ut bakaksel mot bakaksel frå Volvo 240-serien.
Bytte bremsesystem mot 2-krets bremsesystem frå Volvo 240.
Bytte motor til B23/230 frå Volvo.
Bytte girkasse til manuell 5-trinns kasse frå Volvo.


Original spesifikasjonar Rover P4 90:
Lengde: 4.58m
Bredde: 1.67m
Akselavstand: 2.82m
Eigenvekt: Tom 1460kg
Totalvekt: Ikkje oppgitt.
Sporvidde: F.1320mm B.1310mm

Original spesifikasjonar Volvo 140/160:
Lengde: 4.71m
Bredde: 1.73m
Akselavstand: 2.72m
Eigenvekt: 1290kg+ 75kg =1365kg
Totalvekt: 1750kg
Sporvidde: F.1350mm. B. 1350mm

Original spesifikasjonar Volvo 240 (245):
Lengde: 4.79m
Bredde: 1.71m
Eigenvekt:1320kg
Akselavstand: 2.64m
Totalvekt: 1780kg
Sporvidde: F.1430 B.1360mm

Ramme
Rover 90 P4 har berande ramme konstruksjon.



Frontaksel
Frontakselen frå Volvo 140/160-serien har bærebru som ligg under rammevangane. Avstanden mellom rammevangar er tilnærma lik på Roveren. Det same er avstanden frå bakken og opp til rammevangen.
Opphenget frå Volvo har bærekuler i staden for kingbolt som Roveren har originalt.
Det er et ønske om å bygge om rammevangane i området der dei originale fjørene stikk opp i vangen. Her er det ønskeleg å sveise inn rette sider, topp og botn slik at vangen har same profil heile vegen. Frå torpedovegg til front.

Figur under viser eit tverrsnitt av Volvo 140 forhjulstilling.


Bakaksel
Det er stiv bakaksel på både Volvo og Roveren, men Volvo sin aksel er opphengd i spiralfjører og langsgåande bærearmar og panhardstag medan Rover sin aksel er opphengt i langsgåande bladfjører.
Eg ønskjer å feste inn Volvoakselen på same måte som det er gjort på Volvoen, men som eit alternativ kan ein feste inn akselen i dei originale bladfjørene til Roveren.


Hjul
Boltdeling 5x108 Volvo.
Felgar 15-17 tommar høgde. 6-7.5tommer bredde.
Dekkdimensjon 195/65/15 – 225/45/17………….
Innpress på hjul tilpassa valgt sporvidde. Ønskjer her å ha same sporvidde som Volvo 140-serien har.
Om ein skal ha same sporvidde som Roveren har originalt må ein ha større ET på felgane. Dvs. at ein må bruke felgar som har tilnærma ET som nyare Volvoar som er ET43-49.


Bremsesystem
Rover har originalt trommel bremser både framme og bak. Den har originalt bremseservo og en-krets bremsesystem. Parkeringsbremsa er overført frå spake til bremse trommel med mekaniske stag.
Volvo 240-serien har skivebremser både framme og bak. Det er to-krets, servoassistert system. Parkeringsbremsa er overført med wire til bremsesko inne i bremseskivene bak.
Sidan det er tenkt å brukeVolvo-akslar er det også naturleg å bruke bremsesystemet. Sidan det er tenkt å bruke deler frå Volvo 240-serien, er det og tenkt at alt av bremser også er frå same modell. Dvs. at alt frå bremsepumper, ventiler, servo, skiver, kalipere, klossar og slangar vert teke frå en og same modell. Dette for å gjere det enklare å få teknisk data på dette, samt oversikt over kapasiteten.
Når det gjeld parkeringsbremsa ønskjer eg å bruke den originale parkeringsbremsespaken, men koble denne opp mot wiren frå Volvo.

Styring
Original ratt, kombinert med rattstamme og styringsoverføring som har komprimerbar sone / ledd og tannstang som ligg foran akslingen.

Motor
Volvo B23/230. 2,3liters forgasser motor frå Volvo240/740.
Max effekt: 200hk@22kpm/220hk/28kpm

Girkasse
5-trinns kasse frå Volvo 240.

Kjøler
Overhalt original radiator.


Elektrisk
Nytt elektrisk system av typen som er tilpassa/reprodusert for å passe for pick up. Fot dimming av fjernlys. Retningsviser på rattstamme.

Interiør
Original sofa foran. Innmontert trepunkt sikkerhetsselar for 2 personar. Originale dørsider og tredekor. Nye instrument. Overhalt originalt varmeapparat.
Nytt pedalstell, hengande frå Volvo 240.
Farger: Dashbord i same farge som karosseriet. Treverk lakkert. Sofa og tepper i grønt som originalt.

Lakk
Karosseri: Volvo kode 42. California white/ Cascade white / Ivory
Chassis: Volvo BM grøn motorfarge.
Detaljer i svart og sølv.

Forslag til inspeksjonstidspunkt
- Inspeksjon og gjennomgang av ramme før denne er demontert saman med nye komponenter som er tenkt brukt.
- Inspeksjon når nye komponenter ramme er montert.
- Inspeksjon når motor og gir er montert.
- Inspeksjon når hytte og flak er montert.
- Inspeksjon av ferdig montert bil og registrering..

Formål med et slikt køyretøy
Å ha eit hobbykøyretøy som er unikt, har ein historie og som kan vere til nytte.
Det å få tilfredstillt skapargleda og realisert nokon av ideane sine er terapi i seg sjølv.

Håpar på positiv tilbakemelding frå dykk.

Helsing
Frode Ravnestad

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
 Kjempefin tråd på Moldestuket forumet. 
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
Var innom Moldestuket sitt forum her om dagen.
Der fann eg ein veldig bra prosjekt tråd på ein 42 pick up.
http://www.moldestuket.com/forumBB3/phpBB3/viewtopic.php?f=2&t=2973
Denne må de innom og sjå!!!!


_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
  
Fenrik
Fenrik

Registrert: 29.11.2008
Innlegg: 84
Bosted: Stavanger
Svar med sitat
Hei Frode!

Utruleg spennande søknad. Her har du tenkt på det meste, blir spennande å høyre tilbakemeldinga frå styresmaktene.... Very Happy

_________________
Beste helsing Stig

Volvo Amazon 1967
VW Boble 1971
Lada Niva 2121 1988
Volvo XC70 2007
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av stig Send en privat melding
   
Annonsør


 Søknad sendt. 
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
No har eg sendt søknaden til biltilsynet.
Håpar at eg får respons.




Medan vi ventar slenger eg med to andre versjonar av P4 karosseriet.

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
 61St Annual Grand National Roadster Show 
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
Brukar å følge med på linken til Classic Truck Magasin under bilmagasin.
Det er ofte ein del bra bilder der og tekniske reportasjer.
Ser spesielt på dei reportasjane som handlar om byggin og customisering av karosseri og plan.

Men denne gangen var det bilder frå 61St Annual Grand National Roadster Show som
gav inspirasjon. Utruleg mykje tøft.


Model T roadster truck med nyere radiatormaskering.
blir vel ikkje akkurat brukt som gardsbil lenger.


Nydeleg Ford. Likar linjene på bakskjermane og felg/dekk kombo.


Kompressormata Chevy Fleetside i Bomber stuk.
Legg merke til motivet på framskjermen, utblås foran bakhjul og den herlege fargen.
Me like Cool


Rå Ford. Fin fargekominasjon og tøffe flammar.

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
 Sir Rusty 
Løytnant
Løytnant

Registrert: 30.04.2010
Innlegg: 133
Bosted: Sula
Svar med sitat
Hei Frode!

Er det noe fremdrift i prosjektet?
Eller jobber du på noe annet?

Mvh.
Martin
Soon to arrive in Triumph.
Rover P5B
Triumph 2000 Mk II

_________________
Mvh.
Martin Rolén-Hustad
Rover P5B -68
Triumph 2000 Mk II -73
Peugeot 508SW HDI -11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av SirTriumph Send en privat melding Besøk hjemmesiden til brukeren
 Lite framdrift no. 
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
Det er ikkje mykje framdrift no for det er så mykje som skjer på
byggefronten. Når eg ikkje er i heime og bygg garasje er eg og jobbar på hallen.
Men den som ventar på noko godt.
Har ikkje fått noko svar frå biltilsynet heller enno.

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
 Svar frå SFOOR og biltilsynet. 
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
No er svaret på søknaden kome.

Svaret må seiast å vere posetivt, sjølv om eg må gjere nokre endringar.
Sidan eg har søkt om å endre både karosseriet og ramma, så kjem eg i konflikt
med definisjonen ombygd/oppbygd. Eg må velge om eg vil bygge om ramma og
beholde karosseriet originalt eller om eg vil bygge om karosseriet og heller blombere ramma.
Om eg vil gjere begge deler vert bilen definert om oppbygd og må derfor tilfredstille dagens
krav til bilar og eg må betale oppbyggings avgift til tollvesenet.(Altså ikkje umuleg det heller)

Bytte av motor, bremser og akslinger er ikkje noko stort problem så lenge arbeidet er skikkeleg gjort.

Det som må gjerast no er å få klarhet i bilens identitet, sidan den ikkje er registrer i køyretøy registeret no.
(Har falt ut pga at den ikkje har vore reg.)
Dvs å få til salgsmelding frå forige eigar og vise bilen for avfotografering av chassisnr.

Eg må og sende ny melding til biltilsynet med plan B.
Dvs. at den planlagde ombygginga av ramma framfor torpedoveggen utgår.
Eg beheld original forhjulstillinga og på den måten kjem eg innanfor def. ombygd.

Dette er gøy Exclamation Exclamation

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
 Plan B 
Løytnant
Løytnant

Registrert: 30.04.2010
Innlegg: 133
Bosted: Sula
Svar med sitat
Hei Frode!

Godt at du ikke fikk blankt avslag, men har en mulighet til å gå videre med prosjektet!

Du får trekke opp noen skisser på blokka og så tenker jeg det ordner seg.

Flinke folk får det alltid til til slutt!

_________________
Mvh.
Martin Rolén-Hustad
Rover P5B -68
Triumph 2000 Mk II -73
Peugeot 508SW HDI -11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av SirTriumph Send en privat melding Besøk hjemmesiden til brukeren
  
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
I går var eg på Sandane og snakka med siste eigaren til Roveren som hadde skilt på bilen.
Vi hadde ein kjekke prat og eg fekk vite mange nye ting om bilen som eg ikkje visste.
Motor har vore overhalt på Henden (Volvo) på Sandane, lagera i girkassa har vore skifta,
bremsebanda vart klinka på med gulsmedverktøy og brannen i bagasjerommet skjedde på ein finvers-
dag i Innvik der den elektriske bensinpumpa hadde ein dårleg dag.
Ein gammal skiftnøkkel til bilen hadde Arne Øygaard på butikken og den får eg tilbake om eg får til bilen.
Han ville og gravere ein plakett til dasjbordet, i edelt metall, når bilen er klar.



_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
Du kan starte nye tråder
Du kan svare på tråder
Du kan ikke endre dine egne innlegg
Du kan ikke slette dine egne innlegg
Du kan ikke stemme ved avstemninger
Alle tidspunkter gjelder for tidssonen GMT + 1 time (norsk tid)  
Side 3 av 3  

  
  
 Svar på tråden  

Søk blant norske bedrifter på io.no