Skrevet: fr. jan. 02, 2009 23:22 |
|
I 2006 vart det beslutta at Seaside Custom skulle starte arbeidet med planlegging og bygging av eit nytt og eige klubblokale.
Ein stålhall som var lokalisert i Mandal vart løysinga, og denne vart lasta opp på ein trailer og frakta til Nordøyane i 2008.
Samtidig fekk vi tilbud om og kjøpe ein lakkboks, med H-produkter på Haramsøya, og denne blir også ein del av inventaret i den nye SSC hallen.
Stålhallen er utstyrt med traverskran i taket, og vi har løftebukkar liggande klare for montering i dei nye lokala.
Ein stor kompressor er kjøpt inn, og står berre og ventar på og få levere trykkluft til alle arbeidstasjonane i hallen.
Her blir det langtids mekkeplassar (leige), for dei som ynskjer og restaurere o.l, og eit "drop in" område der løftebukkane skal stå.
Dette med tanke på kortare repparasjonar, og vanlig vedlikehold av bilar og anna utstyr.
I tilknytting til hallen blir det satt opp eit tilbygg, som blir klubbrom for klubben sine medlemmar og aktivitetar.
Seaside Custom håpar dette kan bli eit samlingspunkt for alle motorintersserte på øyane og omegn!!
Her er nokre bilder på korleis det heile skal sjå ut!!
(klikk på bilda for større versjon)
Bilder av hallen før den vart demontert i Mandal