Onsdag 24.03.10 var karane i aksjon igjen for og skrue saman dei siste buane, men dette arbeidet vart desverre
sjølvslutta fordi vi mangla muttera og boltar. 6 stk buar delt på mitten, gjenstår no og skrue saman. Vi manglar
også muttera og boltar til alle staga mellom buane så her må vi til og kjøpe inn dette før vi kjem noko vidare.
I dag var ein liten delegasjon in i rubbhallen til Rolls-Royce for og ta litt bilder av korleis denne er oppbygd.
Stålhallen vi skal montere er lik denne rubbhallen, men vi har ingen tegningar på korleis den skal monterast,
berre nokre bilder som vart tatt før den vart demontert i Mandal, og disse bilda viser ikkje alle detaljar.
Derfor blir nok denne RR-Rubbhallen ei viktig brikke for og få alle delane på stålhallen vår på riktig plass
Tysdag 06.04.10 vart dei to første stålbuane reist på SSC hallen. Vi har fundert litt på korleis vi skulle gjere dette, men til slutt valgte vi og prøve med Hydromacen.
Etter litt prøving og feiling, så viste dette seg og gå heilt fint!!
Var innom tomta i dag og ein tur.
Rydda opp i ein del av staga og flytta buane slik at vi kan få liften innanfor murane.
Plukka ein del storsteinar som låg utanfor portåpningane og la ved murkanten slik at det vert enklare å køyre over.
No er det klart for å røyse dei fire neste buane.
Det skal og skruast om på eit par av dei siste buane.
I tillegg skal skiltet til bautaen borast inn i steinen og limast.
Når dei fire neste bogane er røyste kan liften brukast til å feste gitterdragarane i møne.
Om nokon skal til by`n måndag må dei gje lys. Vi må ha oss ei skikkeleg talje.
Heisann!!
Tysdag 13.04.10 kl 18.00 er det duka for nye tak i SSC tomta.
Vi starta med og reise dei 4 neste buane til hallen, slik at vi gjere plass til liften.
Dette vil sysselsette ein 7-8 mann med holding, løfting og rå muskelkraft.
Når første buen er reist kan eit nytt team starte med og montere stag og gitterdragar så langt dei rekk uten lift.
Når den fjerde buen er reist kan vi trille inn liften og starte arbeidet med og montere stag og gitterdragara i mønen.
Her er også ein 2-3 buar som ikkje er satt saman, noko som også kan gjerast.
Ta med skøyteledning, og store fastnøkler eller piper. Vi snakkar då om 18, 19mm og heilt opp til 30mm.
Ein stige eller to kan også kome til nytte om du har.
Veiret blir bra, så det er duka for ein fin kveld i tomta..... Vel møtt!!
NB: Laurdag 17.04.10 kl 11.00-15.00 satsar vi på ei ny økt i tomta, vel møtt då også!!
Det vart ei kjempebra økt i går på onsdag.
Vi fekk opp tre buer til, og det vil seie at vi har fått opp alt vi kan før vi må
ha lenger rør. Vi får rør til helga og tirsdag skal vi ha rørskøyte dugnad.
Heisann!!
Harald har tatt nokre bilder og litt film i frå den flotte utsikta oppe i mønen av liften!!
Han har også klart og forevige solnedgangen under dugnadsøkta onsdag 14.04.10
Her kjem nokre stemningsbilder i frå dugnaden onsdag 14.04.10.
Bilda vart tatt med eit mobilkamera, og kvaliteten vart der etter.... men du ser i alle fall at det var mørkt
SSC logoen som du ser avbilda er skjert ut av Aakre Mekaniske i tjukt stål, der etter grunna og pulverlakert.
Denne skal pryde bautasteinen som står ved inngangspartiet til SSC tomta. Det skal ikkje vere noko tvil om
kven som held til her
Fredag 16.04.10 skrensa eg innom tomta og tok nokre bilder som viser kor langt vi har komt,
og som du ser så har vi vore ganske flinke!! 7 buar på plass.... ikkje verst
No gjenstår det 3 stk buar, men som Frode nevnte lenger oppe i tråden, så må vi forlenge nokre stag/dragara
for og kunne reise dei to neste buane. Grunnen til dette er at mellom disse to buane skal der stå 2 stk
leddportar, og for og få plass til litt breiare portar, har vi valgt og auke avstanden mellom buane med ein halv meter. (3m portbredde)
Tysdag 20.04.10 blir det ingen aktivitet i tomta, men vi tar heller ei økt i garasjen for og skøyte rør og dragara.
Vel Møtt!!
Tysdag 20.04.10 var gjengen samla i garasjen på Rogne for og forlenge røra som skal vere mellom dei to
neste buane på SSC hallen. Grunnen til at disse røra blir forlenga, er at mellom disse buane skal leddportane
stå. For og få plass til 3m breie portar må vi auke avstanden mellom buane med ein halv meter!!
Frank Solbjørg og Knut Otterlei hadde med seg rør frå Aakre Mek, og kappa disse opp i halv meters lengde.
Olav Arne Nogva kappa røra til hallen, og alt dette var gjort i forkant slik at alt var tilrettelagt for linjeproduksjon
denne kvelden!! 19 forlenga rør vart ferdigstilt, nok til og reise og stive av dei to neste buane!!
Tysdag 27.04.10 vart dei siste buane til SSC hallen reist, med god hjelp i frå disse polske herrane på bildet!!
F.V: Blazej Ganski, Jaroslaw Lewandowski & Piotr Szmyd. Kompetanse Haram har satt i gang eit prøveprosjekt på
Haramsøy og Longva, som ein har valgt og kalle Språktrening og Integrering. (Sjå http://spraktrening.blogspot.com/)
Dette skal vere med på og hjelpe våre nye statsborgara til og snakke norsk, gjennom aktivt og vere med på ulike aktivitetar på øyane.
I den forbindelse hadde Seaside Custom gleden av og få hjelp av disse nevenyttige karane!!
Ekstra kjekt er det at Piotr Szmyd vil ha beskjed når neste dugnad blir avholt, slik at han kan fortsette språktreninga!!
Damene på kurset var på Framtun for og lære seg og lage Baccalao, og når denne var klar, vart dugnads gjengen frå SSC invitert for og smake på.
Det var ikkje heilt fritt for at nokre av SSC medlemmane sleit med og bøye seg etter på!!
Det gjennstår fortsatt noko arbeid før kan starte arbeidet med og kle hallen med plater.
her er fortsatt mange rør som skal på plass mellom buane, og der er fortsatt ein god del rør som må skøytast.
I skrivande stund fekk eg telefon i frå Stig Are, som sa at Jordinga er bestilt og er i "kjømda"!!!
Omar, Laffen og Nils Idar sveisa rammeverk til leddportane, Stig Are og Knut skrudde meir stag på hallen,
Harald fekk gravd litt på nedsida av hallen, og eg og Anders var nede i customen og skøyta meir stag og gitterdragara.
Følgande vart gjort:
- Det vart monterte meir stag og gitterdragara mellom buane.
- Ramme for inngangsdøra ved siden av portane vart sveisa.
- Det vart jamna og planert litt på nedsida av hallen.
- Vi frakta resten av skrapstålet frå jonsåk bålet, og fekk rydda litt der oppe.
Komande tysdag treng vi ein traktor med lesseapparat, og palle gaffel.
Så får vi køyrt på plass / flytta på pallane med plater, samt rydda og flytta litt på alt anna
som står opp ved jonsok bålet. Husk det er snart jonsok
Torsdag 22.05.10 var ein liten deligasjon bort til Aakre på Austnes og henta vinkeljernet for
rammeverket til rutene på nedsida av hallen. Då skulle alt vere klart til og bryte seg på dette også.
Vidare er her fortsatt mykje stag som skal på plass, så vi må berre peise han og bygge
Møt opp og hjelp oss då vel...... Neste økt blir Tysdag 25.05.10!!
Du kan starte nye tråder Du kan svare på tråder Du kan ikke endre dine egne innlegg Du kan ikke slette dine egne innlegg Du kan ikke stemme ved avstemninger
Alle tidspunkter gjelder for tidssonen GMT + 1 time (norsk tid)
Side 4 av 10