Registrer  |  Hjelp  |  Søk  |  Medlemsliste  |  Grupper  |  Logg inn 



Svar på tråden
 Ford 550 gravelaster 
Sersjant
Sersjant

Registrert: 04.01.2007
Innlegg: 21
Bosted: Longva
Svar med sitat
Hei
Legg ut eit av prosjekta mine som eg held på med.
Det er ein Ford 550 industri-gravelaster 1979 mod. Motoren er ein Ford 4600, 3 syl på ca 60 hk. Gearkassa er ei 4-trinns med converter og vendegear.
No var det på tide med ein liten oppussing for å få maskina i tipp-topp stand. Legg ut nokre før-bilder





Det første som måtte demonterast var graveagregatet. Ikkje det vansklegaste pga at Ford leverte denne maskintypa kun som lastemaskin og med lodd bak i staden for graveagregatet.


So var det lasteren som måtte av, med to andre Fordar som hjelp, gjekk dette svært bra



Det siste som måtte av var hytta, litt meir arbeid med den, men til slutt fikk vi løfta den av


Etter mange års bruk var ikkje maskina det reinaste eg har sett, så her var det berre å gjere klar høgtrykksspylaren å spyle


Sist endret av Mr X ma. mars 01, 2010 11:00, totalt endret 1 gang
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Mr X Send en privat melding Send e-post Besøk hjemmesiden til brukeren
  
Sersjant
Sersjant

Registrert: 04.01.2007
Innlegg: 21
Bosted: Longva
Svar med sitat
No når den var ferdig vaska, var det litt meir fristande å begynne å skru på den




No var den klar til å sette den inn for oppussing


Når eg demonterte den oppdaga eg at der var ein del hydraulikkrøyre og koblinger som ikkje har vore der frå fabrikken. dette var ein fordelingssentral og 2 hurtigkoblinger. Fjerna alle hydr-røyrene fordi at begge rammevangane skal av.





No var den klar for demontering og litt ombygging må no det vere. Det som først skulle endrast på er at eg skal bygge inn ein 3-dje funksjon på lasteren. måtte flytte lastesentralen litt bakover. måtte lage ein brakett for sentralen

Nye hydraulikkrøyrer måtte leggast opp. nokre for å erstatte dei som var der før, dei varbegynt å ruste, samt nye til 3-dje funksjonen.


Sist endret av Mr X ma. mars 01, 2010 10:53, totalt endret 1 gang
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Mr X Send en privat melding Send e-post Besøk hjemmesiden til brukeren
  
Sersjant
Sersjant

Registrert: 04.01.2007
Innlegg: 21
Bosted: Longva
Svar med sitat
Når hydraulikk sentralen og røyrene var ferdig, var det å demontere siste rammevangen.
Klar for sliping:

Slipte ned heile bakenden og gearkassa, deretter var det å grunne den.



Alle duppedingser som braketter, ledd og andre smådeler vart plukka av og sandblåst


No var det å begynne med famenden.
For ei stund sidan skifta eg radiator. Originalradiator fekk eg ikkje tak i, men ein til 3-syl Ford passa (nesten). Fronten på panseret måtte flyttast ca 4 cm framover og panseret måtte skjøytas tilsvarande. Når eg sveiste på panseret vart dette ikkje heilt bra, so eg bestemte at eg ville lage eit nytt i glassfiber.
Brukte det gamle som plugg, med litt modifikkasjoner sjølvsagt. Det vart litt arbeid med sparkling og pussing, men resultatet såg bra ut

Så var det å støype ei form utanpå


Har no tatt av forma og forsterka den, samt laga til avsluttning på sidene av panseret.
Kristian Åkre som har ei tilsvarande maskin, hadde to motordeksel liggande som eg fekk låne. Skal kopiere desse og tilpasse dei det nye panseret
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Mr X Send en privat melding Send e-post Besøk hjemmesiden til brukeren
 Ombygging av grill 
Sersjant
Sersjant

Registrert: 04.01.2007
Innlegg: 21
Bosted: Longva
Svar med sitat
Når en først held på å, må ein no få med lit custom. Og lys blir det aldri nok av.
Planen er å felle inn markeringslys/park lys og blinklys i fronten
Pga liten plass frammom hydraulikktanken, måtte fronten forlengast ca 50 mm

Så va det å omarbeide grillen

Først måtte grillen delast, ville bruke den nederste delen og så

Så var det å legge inn ein profil i skjøyten

Så måtte lysa tilpassast og ramma rundt måtte lagast


No var det å sjå om lysa passa

Så måtte eg lage brakett for innfesting av lysa. alt skal følge med når ein skrur av grillen

Å no er den ferdig, bortset frå "litt" småpussing, sparkling og lakking

Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Mr X Send en privat melding Send e-post Besøk hjemmesiden til brukeren
Du kan starte nye tråder
Du kan svare på tråder
Du kan ikke endre dine egne innlegg
Du kan ikke slette dine egne innlegg
Du kan ikke stemme ved avstemninger
Alle tidspunkter gjelder for tidssonen GMT + 1 time (norsk tid)  
Side 1 av 1  

  
  
 Svar på tråden  

Søk blant norske bedrifter på io.no