Registrer  |  Hjelp  |  Søk  |  Medlemsliste  |  Grupper  |  Logg inn 



Svar på tråden
 Volvo XC90 
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat

her er XC90`en vår. I den seinare tida har det brumma veldig når dieselvarmaren starta. Etter ein telefon med broderen i Arna
vart det bestillt ein ny brenner enhet.

Med den nye delen og verktøy i bagasjerommet tok eg turen inn til Rogne på bukken til Kyrre.
Fantastisk god hjelp i ein god bukk.

Først tok eg av framhjula slik at eg kunne bore ut popnaglane i innerskjermane. Tok vekk 4 poppar på kvar side
slik at eg kom til på framsida av innerskjermane.



Det er eit klips ned på kvar side som held støtfangaren fast til skjermbuen.
Dette klipset løyser ein ved å trykke ut stifta som står i senter av klipset før ein tar det vekk.
Støtfangeren er klikket fast på sidene, under skjermen og i skjermbuen. Eg brukte sikkert to timar på å leite
etter skruer som ikkje var der, men fann til slutt ut av det.
Dei siste to festepunkta er to skruar (10mm pipe) som står på kvar side av radiatoren/grillen.
Når ein har fjerna disse er det berre å lirke av støtfangeren, ta ut pæreholdarane til kurve/tåkelysa og så har
ein fri tilgang til dieselvarmeren.

Varmaren er festa med to skruer på ein brakett nede, pluss med to muttere på ein brakett oppe.
Når disse er fjerna er varmaren laus, men heng i dieseltilførel, kjølevatn tur og retur og kabling.
Eg tok av slangane, laga knekk på dei og sikra med strips slik at kjølevatn og diesel ikkje rann ut.
Lurt å ha ei lita slangeklemme til dieselslangen, for den klemma som er på er ikkje råd å bruke oppat.
Kontakta til varmaren delte eg, men passa på at tenninga var av heile tida medan den var delt.



Her er varmaren frå alle kantar. Det er eit deksel på sida, festa med ein mutter, og eit på toppen som er festa med tre skruar.
El-boksen p sida må løysast for å kome til den eine skruen.



Etter at deksela er tatt av må kontakta til brennaren, tennaren og ein ein sensor fjernast. Det er det som disse bilda viser.
Tennaren er skrudd i sida og går inn i brennaren slik at den ikkje går å ta ut før tennaren er fjerna.
Tennaren var full av koks når eg tok den av, så den vart gjort rein før montering. Den raud/orange hetta er som ei tennplugghette.
Tok den av tennaren før eg skrudde ut tennaren.
Det er litt trangt og tett passform så ein må vere litt tolmodig når ein demonterar og monterer. Ellers er det heilt ok og arbeide med dette.

Her er brennaren som eg bytta. Inni denne er det ei vifte som vert driven av elmotoren på toppen.
Eg kjende stor forskjel på rotasjonsmotstanden fra gammal til ny. Husk å fjerne smuss og drit frå varmaren før montering.
Monter delane i motsat rekkefølge.

Nye poppnaglar følger ikkje med Brennaren så det må ein kjøpe i tillegg.
Når ein likevel er på Volvo kan det vere greit å få eitutprint av sprengskissa til dieselvarmaren
og støtfangaren så ser ein litt korleis skruar og klips er plassert.
Etter å ha brukt veldig lang tid på å demonter fangaren tok det to og ein halv time før eg var ferdig å rydde opp ettermeg og kunne sette meg i
ein bil som vart varm, men som fortsatt var still utan støy frå varmaren.
PS: Om varmaren har brent seg og ikkje startar lenger må ein til verksted for å resette den.
Den har tre forsøk på å starte automatisk før den vert sperra og må resettast.
Vanskeleg å styre sidan den starta automatisk når det er kaldare ein 4grader.

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
 Brenner-bytte 
Løytnant
Løytnant

Registrert: 30.04.2010
Innlegg: 133
Bosted: Sula
Svar med sitat
Hei Frode!

Jøje meg for en jobb! Dette er nesten verre enn å bytte hovedlyspære på en Renault Laguna! Evil or Very Mad Det tar sikkert like lang tid.

Interessant lesning var det ihvertfall. Hadde aldri trodd man måtte demontere fronten på bilen for å få utført en sånn jobb!

Men skjønner at du gjør det selv med de prisene verkstedene tar. Og med en broder i Sverige må det være deilig å kjøre svensk. Søta bror!

Stå på! XC90'n er flott.

Med din kompetanse innenfor ROV burde du kunne laget en liten en for service på biler med trang tilkomst!?... Nåkke å diskutere i Rølekråna? Ideen er herved servert... Confused

Godt nytt år i varm bil!

_________________
Mvh.
Martin Rolén-Hustad
Rover P5B -68
Triumph 2000 Mk II -73
Peugeot 508SW HDI -11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av SirTriumph Send en privat melding Besøk hjemmesiden til brukeren
  
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
Det var egentleg ikkje så veldig mykje arbeid å demontere fronten når eg berre fann ut av korleis det hang i hop.
Det viser seg at dei ikkje er så galne å skru på dei nye bilane heller når ein berre gjer det ein liten grand,
og ikkje minst slepp å tukle med det elektroniske og komunikasjonsbussane og den slags.
Om du treff på nokon som er kløpparar på MOST systemet må du gje beskjed.
Eller nokon som har bytta til nyere orginal stereo enhet med AUX-inngang.
På dei punkta er det håplaust å få ut god info frå Volvo.

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
  
Site Admin
Site Admin

Registrert: 03.01.2007
Innlegg: 711
Bosted: Longva
Svar med sitat
Har du prøvd www.volvoforum.no??

_________________
Mvh
Trond Ravnestad

Volvo PV 544 - Volvo 850 - Volvo V70 - VW Boble Roadster (Fiona)
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Mr PV Send en privat melding Send e-post Besøk hjemmesiden til brukeren MSN Messenger-adresse
  
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
Har prøvd Volvoforum, Autoteknikk, Volvo lokalt og sentralt +kundeservice permail.
Alle er like vise eller sit med korta godt innafor skjorta.
Veldig får som skrur på XC90`en sjølve trur eg.
Det er heller ikkje laga Haynes bok på XC90 enno, så ein får berre skru iser og prøve å få tinga saman igjen..

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
   
Annonsør


  
Major
Major

Registrert: 19.01.2007
Innlegg: 424
Bosted: Longva
Svar med sitat
Må legge ut nokre bilder av 90`en og.


Vedkøyring i trøndelag

Henta eit lass med ventilasjonsrør til Seasidehallen.

I år var det snø når campingvogna vart tatt ut. Godt å ha 4wd i djupsnøen.

Godt når mai kjem og det er muleg å vaske bil på ein fornuftig måte.
Hadde ei kosestund med klut, støvsugar og svamp i ettermidagssola.

_________________
Mvh Frode
Rover P4-56 Pickup prosjekt.
Raufoss moped-59
Volvo BM320 Buster -61
VW Boble-68
VW Multivan-11
Vis profilen til brukeren Finn alle innlegg skrevet av Frode Send en privat melding
Du kan starte nye tråder
Du kan svare på tråder
Du kan ikke endre dine egne innlegg
Du kan ikke slette dine egne innlegg
Du kan ikke stemme ved avstemninger
Alle tidspunkter gjelder for tidssonen GMT + 1 time (norsk tid)  
Side 1 av 1  

  
  
 Svar på tråden  

Søk blant norske bedrifter på io.no